History


Vekkgøymd og sentral

Lengst i nord gjer det lange, fagre Jølstravatnet ein brå sving rett mot aust og skjer seg ein mils veg innetter mot fjell og bre. Kjøsnesfjorden er namnet på denne vakre armen av Jølstravatnet. På begge sider stuper tusen meter høge, blankslipa fjell beint i vatnet, og ikkje langt innanfor vassenden står endå ein høgreist bergvegg og hindrar tilsynelatande alt levande i å klatre opp til breen bak blånane. Frå vatnet og ein liten kilometer inn mot foten av fjellet skrånar tilgrodde grusbakkar jamt oppover. Og her, i brattlendet mellom ei fossande elv og ein reinskura fjellvegg, har garden klora seg fast, ein gard som seinare vart delt i to bruk. Lunde heiter plassen, og staden er velkjend for alle som har vandra ein del på Jostedalsbreen! 

( Frå boka "Jostedalsbreen" av Oddgeir Bruaset)


Tourists first came to Lunde in the 1800s. The excitement of mountain climbing and glacier hiking has continued up to the present day.

Andreas Lunde started.

hhh.jpg

His son, Anders Lunde, continued as "Patentførar" for Den Norske Turistforeninga.


Sundag 26 august 1934
"Tur frå Lunde til Kvitevardane og attende. Eineståande veir, hærlig natur med patentførar A. Lunde kjenner ein seg trygg både i fjellet og på bræen, og vi er skuldig han stor takk for den omsorg og hjelp som han viste på turen. Eg vil anbefale denne turen til alle som måtte ha høve til ein fjelltur.

Takk for turen, Lunde!"

Frå gjesteboka på Lunde Turiststasjon

Turisme, saman med gardsdrift, har difor vorte
ein tradisjon på Lunde Turiststasjon.